
Velkomen til opning av festivalutstilling og poesiaften onsdag 26.august, på Glesvær kafé. Fri adgang på begge arrangement.
Kl. 19.30 Festivalutstilling - Drivstoff med Gro Petersen
Kl. 21.00 Beatpoesi-aften med Frode Grytten og fleire
FESTIVALUTSTILLING MED GRO PETERSEN
Gro Petersen er vaksen opp i Fjell kommune på Sotra. Ho har utdanning i grafikk frå Kunsthøgskolen i Bergen, og i grafisk design og illustrasjon frå Bath University College. Me er begeistra over at ein lokal kunstnar av eit slikt format som Gro Petersen er årets festivalkunstnar. Ho har vakse opp i Fjell kommune på Sotra, og har deltatt på ei rekkje separatog gruppeutstillingar i inn- og utland.
Petersen jobbar mykje med kombinasjonar av fotografi , teikning og maleri, og ho har laga heilt nye verk til Festivalutstillinga. Prosjektet Drivstoff er støtta av Bergen Kommune. Utstillinga skal henga på Glesvær kafé frå 26.august – 26.september.
Meir info på: www.periferifestivalen.no
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar