fredag 18. desember 2009

DEN KULTURELLE SKOLESEKKEN - søke med ditt eget prosjekt


Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere:

• å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
• å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
• å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.


Den kulturelle skulesekken skal utformast og uavlateleg vurderast ut frå eit sett med prinsipp for ordninga:

Varig ordning:
Den kulturelle skulesekken skal vere ei varig ordning for elevar i skulen.
For alle elevar:
Den kulturelle skulesekken skal femne om alle elevar i grunnskulen og den vidaregåande opplæringa, uavhengig av kva skule dei går på og kva økonomisk, sosial, etnisk og religiøs bakgrunn dei har.
Realisere mål i læreplanverket:
Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i Den kulturelle skulesekken skal medverke til å realisere skulen sine mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen i læreplanverket og i dei ulike læreplanane.
Høg kvalitet:
Elevane skal møte profesjonelle kunst- og kulturtilbod med høg kunstnarleg kvalitet.
Kulturelt mangfald:
Den kulturelle skulesekken skal omfatte ulike kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidsperiodar.
Breidde:
Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vere representerte i Den kulturelle skulesekken. Det skal vere variasjon i formidlingsmåtane.
Regularitet:
Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod på alle klassetrinn.
Samarbeid kultur–skule:
Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen.
Rollefordeling kultur–skule:
Opplæringssektoren har ansvaret for å leggje føre- og etterarbeid pedagogisk til rette for elevane, medan kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet i Den kulturelle skulesekken og for å informere om innhaldet i god tid.
Lokal forankring og eigarskap:
Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt, i den enkelte skulen, kommunen og fylket. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar, slik at alle skal kunne kjenne eigarskap til Den kulturelle skulesekken.
Mål og prinsipp for satsinga er nedfelt i Stortingsmeldingen "Kulturell skulesekk for framtida" (Stortingsmelding nr. 8 (2007-2008))

Kontaktpersoner for søknader og informasjon: LES MER

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar