mandag 3. januar 2011

Siste skanse er tapt

Dei norske Bokklubbane feirar 50 år. Men ikkje alle medlemene er i festhumør. Bokklubben har nemleg kvitta seg med lyrikken.
 
 «Bokklubben Lyrikk legges ned i løpet av kort tid. Ditt medlemskap stoppes automatisk i slutten av november».  
 
Dette var ordlyden i eit brev Jan Erik Vold fekk frå femtiårsjubilanten. Vold har vore medlem av bokklubben i 42 år. Bokklubben Lyrikk og poesitidsskrifter har vore sentrale i norsk poesiformidling i over femti år. Det siste poesitidsskriftet gjekk inn for ti år sidan. Og no er lyrikkbokklubben òg borte.
 
Klassekampen: LES MER
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar